Sjuk og svak
0Æsj altså, no er eg dårleg 3.dagen på rad. Eg har ikkje vore sengeliggande, men dårleg nok til at trening og andre kjekke aktivitetar ikkje går an. Eg hoster og harker, samt litt feber..og då er det lite triveleg å omgåast så mykje folk.
No skal det seiast at eg hadde sofabesøk av ei venninde på lørdag, medan “kaillen” var i Oslo og såg NSM (Norges sterkaste mann). Det var ordentleg koselig og vi prata i timesvis
Av og til er det akkurat det eg treng, ein ordentleg jentekveld med utelukkande snikk snakk og god vin!
Vi planla også litt for 17.mai, det er sjølvsagt meldt drittvær så det er berre å hente fram regnkleda og belage seg på innekos etterpå. Surt trøndervær for ei som akkurat har vore/er “sjuk og svak” er ikkje oppskrifta på suksess. Har eg høyrd i alle fall
Når sant skal seiast så blir det første 17.mai der eg er i sentrum og kikker på 17.mai-toget. Eg trur eg kanskje var nedom ein svipptur i 1.klasse på NTNU, men det er jo midt i eksamenslesinga og eg hadde rett og slett ikkje samvittigheit til å skulke lesinga for å kikke på ein gjeng med folk som går på rekke. No derimot, no har eg jo til og med ordna meg fri 18.mai, så til helga skal eg berre kose meg!
Om det blir så mykje pølser og is veit eg no ikkje, aldri vore spesielt stor på pølser og småis, is i boks derimot. Det er saker, det!
For dei som ikkje er sjuk og svak, så anbefaler eg å kikke litt på desse nye toppane frå BetterBodies:
Dei er så vannvittig gode å gå i og når dei no kjem i knæsj-sommerfarger, då blir det jo ikkje betre!
Tusen takk for besøk på lørdag, Anja!
PS. gleeeeeder meg til 17.mai og dobbeldate!
“Gamla” slår tilbake
2Dei siste månadane har nok vore litt tunge for meg, sjølv om eg helst ikkje vil inrømme det ovenfor megsjølv eller andre. Aller helst ikkje overfor megsjølv..
Dermed blir det eit tiltak å trene, eit tiltak å stikke ut med venner, eit tiltak å skrive blogg…eit tiltak å smile…
Uten at eg vil seie så veldig mykje meir om dette, for det er ikkje berre om meg personleg og då passer det seg ikkje på internett til alles åsyn. Om det berre er mine problem, tankar eller liknande..så er det opp til meg om eg vil skrive dei ned..men straks det også er andres..så blir saka ei annan.
Dritt og triste greier sett til side, så har eg også hatt det bra. Eg har vore flink å trena, sjølv om eg kanskje ikkje hadde så lyst..men kjensla eg sit igjen med når eg er ferdig er så vannvittig god. Terapi i seg sjølv
Jobben er bra, stortrives med mine medkollegaer. No når det er litt “stille” på jobben, så har eg også fått tatt ut litt flex-timer og har hatt mykje fri den siste månaden. Det blir jo ALDRI feil. Eg har også fått vere ein del med hesten min, Eira. Ho er så utruleg fin! Uheldigvis har ho fått litt vårhoste og har ikkje vore heilt i form i det siste. Derfor har det berre blitt ein roleg tur og mykje børsting og kosing i det siste.

Ho mister jo vinterpelsen sin i desse tider og det er hår over alt. Eg pusser og pusser, uten nokon synlege resultat på hesten. Dog kg-vis av hår på meg og bakken..hehe
Ho er også blitt litt tynn i det siste, vanleg scenario kvart år. Det er tydelegvis mykje betre å gå og leite etter eit eller to grøne grasstrå enn å ete siloforet ho har tilgjengeleg. No er det heldigvis feitekur på gang…eg kan jo ikkje ha ein tynn hest…
Det er også under ein mnd igjen til eg ikkje lengre er 25år. Litt rart å tenke på, fordi eg ikkje heilt har fått med meg at eg er blitt 25..
Noko som fekk meg til å tenke litt, var noko ein kollega av meg sa: “It is important to achieve something before you are 26″. Så då har eg under ein mnd på meg til å “oppnå” noko. Ikkje det at eg heilt veit kva det kan vere. Eg har jo allerede oppnådd ein del i livet fram til no, men det er jo absolutt noko å ha i bakhovudet.
Tar gjerne i mot forslag..? Kva kan eg “oppnå” ila mai månad..?

Morosam dag på “jobben”
2I går tilbrakte eg og 3 andre frå jobben heile arbeidsdagen vår på fotoshoot. Dog litt annleis fotoshoot enn det eg har vore vant med, for bileta skal nemleg brukast i ein reklamekampanje for bedrifta. Knallmoro var det uansett!
Vi poserte med imaginære båter og plattformer
I tillegg til å måtte late som om vi peika på – og forklarte engasjert om ulike offshore utstyr. Vi fekk også låne designerkleder frå bl.a JonnyLove i Trondheim.
Der eg hadde på meg ein singlet til den nette summen av 2500kr. OMG!
Eg har jo ikkje akkurat ein standard kropp og var rimeleg usikker på om dei hadde kle som i det heile tatt kom til å passe meg. Spesielt skeptisk var eg ettersom vi berre fekk oppgi ca kle-størrelser på forhand. Forstår godt at modeller får spiseforstyrrelser eg. Det var RIMELEG ekkelt å berre få ein dunge klede i hendene: “Du skal ha på det dette”. Eg tenkte jo det verste, ingenting kom til å passe! Men..buksa (av alle verdens ting) satt som eit skudd, samt singlet og gensar satt heilt greitt. Dei hadde jo eigentleg tenkt å ha på meg dressjakke, i str M. Hehe..det var berre å gløyme! Fekk ikkje armen lengre inn enn til albuen. Då kunne eg ikkje gjere anna enn å le
Etter å ha åla meg inn i skinny-design-jeans (all kred til stretch) og tredd på meg gensar, var det over i sminkestolen. Tenk å få betalt for å bli sminka og dulla med då! Det kunne eg blitt vant med
Fotoshooten var skikkeleg moro. Vi veksla fort mellom latter og konsentrasjon og crewet var svært overraska over kor godt samvær vi hadde. Det er jo sant, vi har eit utruleg godt miljø i bedrifta. Det er nesten ikkje å overdrive når eg seier at alle er venner. Sjølv om vi no er omlag 80 annsatte i Marine Cybernetics så er det lett å prate med alle som jobber her. Latteren sitt laust og spøk og skøy er ein dagleg ingrediens i arbeidet ved MC.
Bileter frå fotoshooten skal eg dele så fort eg får tak i nokon av det. Håper jo at vi får lov å få nokre av dei også. Sidan det er bileter av oss.
I kveld er det også litt uvanleg aktivitet. Eg og Håvard skal faktisk på middagsdate!
Vi har nemleg 5års-jubileum i år (eigentleg 14.feb, men då var jo eg heime med pappa). I den anledning så har vi ordna oss ein uvanleg date (skal eg heller skrive litt meir om seinare..) og ein finare 3-retters middag.
Middagen blir i kveld, og der “uvanlege daten” blir på lørdag. Mykje å glede seg til mao
Bein (hard)- trening og beklagelse
0Først vil eg berre beklage, eg ser no at det er ein del kommentarer som har gått rett i spam-filteret og blitt sletta. Så det er ikkje eg som prøver å vere ekkel og ikkje legge ut kommentarer altså
Endå ei veke nærmar seg slutten og no ser det også ut til at (kanskje) våren er komen til bartebyen!! Eg er dessverre ikkje noko snø/vinter-menneske. Ikkje ekte nordmann mao. Vår, haust og sommar er flotte greier
Eg veit ikkje om det var dette som gav meg nok ei kanon beinøkt, men kva det no enn er så håper eg det fortsetter!
Eg har altså auka frå 3 sett til heile 8sett på 240kg (+53kg, vogna på beinpressen). Det igjen betyr at om 2 veker, neste gang eg har tung beintrening, så må eg opp til 250kg. Grugleder meg allerede
Neste søndag reiser eg også til Kristiansand for å jobbe. Då får eg i alle fall testa viljen og determinasjonen for å komme i litt betre form. To veker på ukjend plass, hotellrom, middager ute og (ukjent) lunsj buffet hos NOV (Norwegian Oilwell Varco). Om ein legg til at det mest sannsynleg også blir jobbing frå 8-20 kvar dag, så har eg det eg ser på som ei (lita) utfordring.

Fortvil ikkje, eg har allerede gjort heimeleksa mi. Eg har funne eit gym, berre eit steinkast frå der eg skal jobbe, som har DØGN-OPE (!!). Dermed kan eg gå rett frå jobb, trene og så tilbake på hotellrommet. Eg trur den største utfordringa med ein slik jobb-periode er å ikkje gå i fella og tenke at ein kan bruke gymmet på hotellet. Sjølv ikkje eg har vilja til å droppe mjuk og god dobbeltseng og tv framfor eit lite, trangt og (ofte) ubrukeleg hotellgym…
Ps. Dersom det er nokon som veit noko om dette gymmet, bra eller dårleg, så hadde det vore kjekt med ein kommentar. Ein får jo stort sett berre vite det “eigaren” vil vise når ein går online og kikker på gym
Ynskjer alle saman ei fantastisk helg!
Trenings motivasjon? – Løysinga
0Eg har som sagt slitt litt med motivasjonen dei siste månadane og eg jobbar fortsatt med den, omlag kvar dag. Hemmeligheita..? Just do it!
Det høyres kanskje litt “lett” ut, men eg trur faktisk det rett og slett er løysinga
I det siste har eg berre gått på trening fordi at eg skulle. Eg har ikkje vore heilt der at eg måtte “tvinge” meg avgårde, men eg har ikkje hatt direkte lyst heller. Så då har eg berre sagt til megsjølv at idag er det “skulder-trening”, sånn er det med den saken. Og no..no må eg seie at eg føler at eg er tilbake til der eg har vore. Eg lengtar etter treningane når klokka begynner å tikke mot 16-17. Heilt fantastisk!
Om dette ikkje var revolusjonerande nok, så har eg til og med gått 30min på mølla etter kvar trening også!
Ein annan ting som også er ein flott motivasjons-boost;

Torsdags-Trening
0No sit eg på jobb og venter på eit review på noko eg har jobba med. Eg føler eigentleg at denne veka har gått heilt utruleg sakte, men også fort. På ein og samme tid..heilt rart. Trods i alt har treningane vore ok denne veka, sjølv med 12t dager Mandag – Onsdag. Det handler om å prioritere seg sjølv! Enkelt og greitt!
Seinast i går hadde eg ei knall økt på beina! Mulig det var PB, vanskeleg å vite når eg har brukt ulike beinpressmaskiner dei siste åra. Kjem heilt an på vinkelen og konstruksjonen av “tralla”
Beinøkta mi såg i alle fall slik ut:
Oppvarming: Lett knebøy i smith maskin, mange reps. Etterfulgt av lett tøying og massage av låra.
Note: Eg masserer sjølv ja, er ikkje spa på Kaliber..hehe
Bein press:
Oppvarming: 120kg x 10-15rep, 160kg x 10-15rep
Trening:
200kgx10repx1sett
220kgx10repx1sett
230kgx10repx1sett
240kgx10reox4sett
210kgx10repx1sett
160kgx10repx2sett
Note: vektene er berre det eg lasta på, vekta av “tralla” kjem i tillegg og er på 53-54kg
Det ser kanskje litt ekstremt ut med så mange reps, men det er det som funker for mine lår.
Både detaljmessig og størrelsesmessig.
Etter beinpressen var eg eigentleg heilt ferdig, vakla for det meste litt rundt og prøve å ta litt meir lette reps på frontbøy og utfall. Ein ting er sikkert, viss beina ikkje har meir guff, så har dei ikkje meir guff
I dag håper eg at eg greier å snike inn ei ryggtrening. Likar eigentleg ikkje å ta to så tunge treningar “back-to-back”, men eg reiser heim til Bygstad Lørdags morgon, og då blir det gjerne ikkje trening før Torsdag i neste veke..















