Home » blogs » Girls only…

Girls only…


Sjølv om mange kanskje fell for fristelsen og trur at jenter og gutar har så ulike fysiologiske utgangspunkt at det er behov for eit klart skilje mellom jente-mat og gutte-mat, så er det nok ikkje så svart og kvitt…


Det er ein grunn til at det er ulike supplement for jenter og gutter, enkelt og greitt fordi jenter og gutar som regel har ulike mål med treninga si, men kanskje meir viktig; det opner for at leverandørane kan tjene meir pengar :wink:
Ettersom det ikkje er eit einaste lovlig produkt på markedet som vil få jenter (og gutar) til å vekse utover alle normale naturlover, så kan eg trygt seie at gutar/menn og jenter/kvinner kan ete akkurat dei samme tilskudda. Den einaste plassen der eg anbefaler eit skilje er kanskje vitamintablettane. Det er langt i frå skadeleg å ete kjæresten sine vitaminpiller, men sammensetninga er ulik med tanke på kva kvinner kan ha meir nytte av (f.eks kalsium, selen, zink, tranebærekstrakt o.l.) til fordel for menn som som regel får ei blanding som fremmer ein sunn prostata. For å vere enkel; det viktigaste er vel at ein prøver å supplementere eit godt og variert kosthald med litt vitaminer og mineraler.

Når det gjeld proteintilskudd, kreatin, energi-mix osv, så er det ikkje så farleg om det er hans eller hennar, men at ein veit kva det er laga for å oppnå. Om ein berre ynskjer å tilsette litt meir lett-opptakelege proteiner i kosten sin, så går man etter eit protein isolat. Hugs berre på at sjølv om det har isolat i navnet, betyr ikkje det at det faktisk ER eit isolat. Sjekk alltid innhaldet, eit godt protein bør innehalde 80% protein. Eg lever og ånder for Isogold og QNT-zero/low-carb proteinpulver.

Om dermed målet er vektauke, eller eit måltid som tek liten plass og er ferdig på 4-rist, eller ein riv, så treng ein ikkje vere rakettforsker for å forstå at ein gainer eller proteinbar er ein fin kandidat. Her har eg plukka ut lenker til typisk vektoppgang-produkt med retteleg god smak, men også her bør ein vere obs på innhaldet. Ein vil jo ikkje stappe i seg rusk og rask for å berre legge på seg feitt. Ein gainer bør ha god med proteiner, gode karbkjelder (sammensetning av raske og treige karbohydrater) og sunt fett (mct, omega3,6,9). Sjølv om eg helst anbefaler mat, som f.eks laks, for vektoppgang (vektnedgang også for den del) , så har eg full forståing for at livet er travelt og matlysta kanskje ikkje alltid er på plass. Det er trods alt ikkje om å gjere å vere vanskeleg. :silly:


Kreatin er også eit produkt som har fått ufortjent dårleg rykte. Det er ikkje magisk, du treng heller ikkje unngå koffein om du bruker kreatin og det er ikkje farleg. Kreatin finner man f.eks i raudt kjøtt, men dog ikkje akkurat i store mengder. Kreatinet gjer at ein vil ha meir vatn i musklane (og kroppen generelt), som er ein god ting, fordi det hjelper på restitusjon og muskelvekst, men det kan også føre til at ein kjenner seg vannete. Noko som jenter kanskje ikkje er ein like stor fan av som gutar :tongue:
Eg blir veldig vannete av kreatin-monohydrat, men blir ikkje så vannete av kre-alkalyn. Derfor er det ofte “jente-kreatin” og “gutte-kreatin”. Av den enkle grunn at “jente-kretinet” som regel kjem i søte, rosa kaplser og omlag alltid er kre-alkalyn – og koster mykje. “Gutte-kreatinen” er som regel svart-kul embalasje, gjerne med flammer eller hulken, og kan vere både kre-alkalyn eller kreatin monohydrat. Viktigaste er kanskje at “gutte-kreatinet” ofte er ein del billegare – shoppingtips til jenter. Det er nok meir skilnadar enn som så, men for å understreke kva eg meiner med litt flytande skilje mellom noko som framstår som klare “gutte-ting og jente-ting”, så vel eg å ikkje gå altfor mykje inn dei ulike effektane (for interesserte kan ein lese litt på iForm om kreatin monohydrat).


Energi-drikker (før trening) og restitusjonsdrikker (etter trening) florerer det også ein del av på markedet. Eg har ikkje vore altfor flittig konsumer av desse produkta, fordi eg ikkje føler at effekten gir meg meir tilbake enn innsatsen eg må gi for å greie å få dei i meg. Smaker jo møk, mesteparten i alle fall!! :sick:
Igjen så bør ein sjå på innhaldet, og lese litt om dei ulike produkta som er i drikken. Eg stiller meg alltid dette spørsmålet:


- Kva vil denne drikken gi meg?
- kva er forskninga bak innhaldet?
- kva er mine tanker/observasjoner rundt tidlegare erfaringer med desse produkta?

Mi erfaring er faktisk at det er best å lage ein slik drikke sjølv, der ein putter oppi det ein sjølv vil ha, og dermed kan vere heilt sikker på kva som faktisk er oppi og at det er dei dosane ein ynskjer. Personleg liker eg beta-alanine veldig godt. Det fungerer på samme måte som kreatin, men eg føler eg kjenner trykket i musklane betre og så liker eg prikkinga i huda (kjennes ut som kløpulver) :biggrin:

  • Ein enkel energi-mix kan vere: BcAA, Beta-alanine, grøn-te og koffein.

Om ein skøyter kosthaldet sitt på rett måte, skal ein strengt tatt ikkje trenge noko energi-mix, men eg føler det gir meg det lille ekstra om eg kjenner meg litt sånn “halv-8″ :wink:
Om ein fortsatt synes supplement er stort, vilt og skummelt kan ein kikke på den her:

Supplement for jenter

Hugs at supplement er meit å supplementere eit sunt og godt kosthald saman med tung trening. Det fins ikkje hjelp i å ete proteinbar og ligge på sofaen..




:heart: Klem Elisabet! :heart:


Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

:alien: :angel: :angry: :blink: :blush: :cheerful: :cool: :cwy: :devil: :dizzy: :ermm: :face: :getlost: :biggrin: :happy: :heart: :kissing: :lol: :ninja: :pinch: :pouty: :sad: :shocked: :sick: :sideways: :silly: :sleeping: :smile: :tongue: :unsure: :w00t: :wassat: :whistle: :wink: :wub: