Som de allereide veit så er vi inne i ein rimeleg tøff periode på jobben, det betyr at vekedager og helger ikkje lengre er adskilt og jobben er det som dominerer mine vakne døgntimer. Dette fører jo med seg ein del irriterande ting, som bl.a omlag ein til to gymbesøk i veka (!!) – viss eg er heldig. Venner og kjærest som eg knapt ser. Og avtaler som er blitt gjort for helger/ettermiddager er berre å gløyme. No må eg presisere at det er ingen som “tvinger” meg til å jobbe overtid og helger, men det er no sånn at ein føler at ein må henge i for å rekke div frister og kundemøter.

No veit eg at det er ein god del aleinemødre som greier å karre seg til gymmet oftare enn eg gjer, all cred til dykk, for eg har ikkje ork til det! Første veka med overtid og helgejobb greidde eg å komme meg opp litt før 5 og fekk trena før jobb, men når ei gjennomsnittleg arbeidsveke går over 65t..og dette no har pågått i over ein månad så blir det lite ork og gidd til slikt.
Derfor er det heller ikkje akkurat veldig mykje spennande å skrive om kvar dag :whistle:

Den siste veka har det nok vore spesielt stilt frå min front; litt fordi eg har vore travel, men mest fordi eg har vore trist.
Bestemor, som eg har skrive litt om her før, sovna stille inn fredag 16.September. Eg må seie at det var veldig tungt å få beskjed,natt til Lørdag som var, om at bestemor ikkje var meir. Eg har vore klar over at bestemor har vore sjuk den siste tida, likevel valde eg å ikkje reise heim.
Turen vart berre utsett til “neste helg”, problemet var at “neste helg” aldri kom…før det var for seint. Det er ikkje til å legge skjul på at eg har veldig dårleg samvittigheit fordi eg ikkje var der og fekk sagt farvel, desse siste timane. Eg er jo klar over at det var veldig vanskeleg å forutsjå nøyaktig kor tid ho kom til å “forsvinne”, men eg håpa jo på at det ikkje kom til å gå so fort.



I begravelsen fekk eg likevel æren av å følge bestemor heile vegen til grava (eg var med og bar kista), som eg i ettertid er veldig glad for at eg gjorde..sjølv om det der og då ikkje føltes veldig godt. Både eg og søstra mi hadde nok eit veldig nært og godt forhold til våre besteforeldre (vår fars foreldre), nettopp fordi dei budde i samme gardstun. Vi var mao like mykje inne hos dei, som i vårt eige hus, i barndomsåra våre. Bestefaren (farfar) min døydde brått i 1998, og bestemor var den siste gjenlevande av mine “besteforeldre”. Dette gjorde også helga som var litt ekstra tøff, men eg sit igjen med så uendeleg mange gode minner frå alle mine år i tunet med besteforeldrene mine. Alle turane eg og bestefar hadde opp i beitet for å fikse eit-eller-anna. Alle dei 100-vis av “hoppe-durrene” (natronkaker) eg har ete inne hos bestemor..absolutt alt er for meg ein uendeleg verdifull skatt.

Søster'n og bestemor



Elisabet-Hoppedurrer


Oppskrifta på min versjon av hoppedurrer finn du her.




:heart: Kvil i fred, Bestemor :heart: