Mykje skjer når ein kjedar seg…

0

For å plukke opp tråden etter det forrige innlegget der eg kjeda meg til det punktet der til og med vasken på kjøkkenet vart blankpolert (!)… resultatet, mine damer og herrer, vart heimesnekra gavl til senga vår :biggrin:
Det er faktisk leikande lett å lage sin eigen gavl til senga. Det tek sjølvsagt litt lengre tid enn å reise på ein møbelforretning og kjøpe, men du får den i det minste akkurat slik du vil ha den.

Ferdig resultat



Du treng:
MDF plate/sponplate (eller anna lett treplate)
Skumgummi (vi brukte ei gammal skumgummi madrass med ca 9cm tjukkelse)
Litt vatt for å polstre/avrunde hjørna på gavlen
Spraylim (eller anna god lim)
Spikar (kort med stort hovud – har sikkert eit navn..men eg er ikkje snekkar)
Stoff eller skinn (vi brukte ku-skinn)
Oppheng slik at gavlen heng på veggen (vi brukte enkelt og greitt flatskjerm oppheng)

Slik gjer du:
Stikk på f.eks byggmakker og kjøp treplate. Vi fekk dei også til å skjere den til i rett storleik, slik at vi slapp å gjere det sjølv. Neste stopp var tekstilbutikk der vatt, spraylim og spikar vart innkjøpt. Ferda vidare gjekk til Jula for å kjøpe billig flatskjerm-oppheng og til slutt; Ikea for å kjøpe ku-skinn :wink:

Skumgummi og vatt er limt til treplata, ku-skinnet blir skåret i rett passform



Vatten dekker berre kanten på treplata, ikkje heile.



Kanskje ikkje den vakraste baksida, men ku-skinnet sit godt i alle fall.



Eit tips er å sjekke korleis skinnet ligg, for kvar side som blir spikra fast.



Kontruktiv kjedsomheit mao :angel:
Ikkje gløym at det er siste sjanse til å få 25% rabatt på dei flotte, nye singlettane frå BetterBodes i morgon. Sjekk ut juli-tilbudet her.

Tilbud





:heart: Ynskjer alle ei flott, ny veke! :heart:


What to do…

0

No har eg hatt litt over to veker samanhengande ferie og har rett og slett gått tom for ting å gjere på :blink:
Første veka var eg heime i Bygstad for å helse litt på familie og venner. Eg var faktisk veldig heldig med været medan eg var der og fekk heile 2 dagar med strålande sol! Ettersom det har vore kaldaste (og verste) sommaren på 50år, så var to dagar knallsol ei flott avveksling og tilvenning til Spania :biggrin:
Veka etter eg var heime reiste vi begge sørover til Alicante i Spania, for å besøke faren til Håvard. Ei heil veke med strålande sol og 29-35 grader var heilt vanvittig deilig!! Så no er eg ikkje gjennomsiktig lengre..hehe :blush:

For ein arbeidsnarkoman som meg, så var det litt rart å ikkje ha noko å gjere/måtte gjere ila ein dag. Det var riktignok late dagar i Spania også, men eg hadde likevel noko å sysle med. Las ferdig tre krimromanar, reiste på stranda, reiste på fornøyelsespark (Terra mitica) sola meg ved bassengkanten der vi budde og shoppa litt nye sko. Heile 6 par nye sko…hehe..ikkje det at eg hadde behov for nye sko..men så er det sjelden ein kjøper nye sko fordi vi faktisk må ha nye sko :tongue:

Resultatet av Spania shoppinga



Etter at vi kom heim igjen natt til tirsdag, har eg komt inn igjen i “kvardags-vanane” med mat, trening og hest..manglar berre arbeidsdagen, så er alt som “vanleg” igjen. I mangelen på “arbeid” har eg rydda og støvsuga leiligheita, sett på mange vaskemaskiner og skrubba kjøkkenet, vaska opp div hesteutstyr, vaska, polert og impregnert nye sko…dette var dog det eg gjorde i går..



Kva i all verden eg skal gjere på i dag når eg at på til har treningsfri, og ikkje skal ri før kl 18, er heller usikkert…kanskje eg skal grave opp piggskoa mine og stikke på bana..? :silly:




:heart: Ha ein fantastisk flott julidag! :heart:


Sommar, sol og syden!

0

Hei, kalde nord :-)
Eg droppar berre innom for å gni det litt inn at eg er i spania og blir grilla, medan gradestokken viser ca 12-15 grader heime. Det er sjeldan eg bryr meg mykje om å skrive om véret (av den enkle grunn at det er lite du kan gjere med det) bortsett frå no..lite kan måle seg med strålande sol, ca 30grader, lett bris og koselig familie :-)

No skal eg ut igjen og grille vekk likfargen…

Klem frå Spania

Livet i Bygstad

0

No har eg vore i Bygstad i nokre dagar, til og med fått sola meg i nesten to heile dagar! Nesten blitt brun og greier :-)
Etter ein litt fuktig laurdagskveld har eg nytta dagen i dag til både kyrapussing og gipsveggpussing.
Eg har ikkje komt heilt i feriemodus endå og har nok ein del jobb-tankar/idear svirrande i hovudet, men med krimbok ved senga og plenty aktivitetar på lur så tenkjer eg at det skal gå greitt.

image

No er det kaffi og is som står på planen :-)

Klem frå Elisabet

Sommarferie!

0

Då folkens!
No har eg teke sommarferie. For første gang sidan barneskulen så skal eg ikkje jobbe i sommarferien, dvs det blir jo sikkert noko arbeid, fordi eg er ikkje av dei som greier å sitte i ro, men det er ikkje noko arbeid som eg MÅ gjere. Det blir viss eg har lyst. Deilig! :wink:
Allereide i morgon kveld reiser eg heim til Bygstad, men først så skal eg ha ei knakande god ryggøkt på Kaliber!
Kan nesten ikkje vente..eg har den der gode kjensla av at imorra..då blir det ei knallbra økt!
Ikkje nok med at det var siste arbeidsdagen på jobb i dag, men også siste dagen på golfkurset.
Eg har dermed fått “grønt-kortet” i dag og kan per def spele golf! Atpåtil så er det 4. Juli :biggrin:
To all my American friends:





:heart: Klem frå Elisabet :heart:


Tablet test

0

Prøver å sjekke omeg kan blogge frå min nye tablet :-)

image

Go to Top